Mål og vedtekter
- Kraftlinjepolitikken må moderniserast
- Saka må løftast til Storting og Regjering
Vedtekter – Folkeaksjonen mot 420 kV luftlinje Ørskog- Fardal
- Folkeaksjonen mot 420 kV luftlinje Ørskog – Fardal er ein medlemsorganisasjon som er open for alle.
- Organisasjonen skal vere uavhengig og partipolitisk nøytral.
- Formålet med aksjonen er å få politisk gjennomslag for alternativ til luftlinje på strekninga Ørskog – Fardal.
- Aksjonen skal skaffe medlemmar og sponsorar for å kunne finansiere arbeidet.
- Aksjonen står fritt til å samarbeide med andre lag og organisasjonar når dette tener saka.
- Det skal førast medlemslister og rekneskap som syner korleis mottekne midlar er brukt.
- Årsmøte bør haldast innan utgangen av april kvart år.
- Årsmøtet skal behandle årsmelding og rekneskap, og uttale seg om strategi og vidare arbeid.
- Årsmøtet vel nytt styre.
Vedteke på skipingsmøte den 12.6.2006.







